Ny bok:

«Eventyrlege vikingskip»


Bygde på Bjørkedalen

Segla av Ragnar Thorseth


Forfattar: Frode Sætre


Kr. 399,-

Boka fortel om Vikingskipsepoken på Bjørkedalen som starta tidleg på 70-talet og varer enno. Det er dei ni store vikingskipa som har hovudfokus, då bygginga og ikkje minst bruken av desse med Ragnar Thorseth i spissen, gav Bjørkedalen, Volda kommune og Noreg mykje god reklame. Den store mediedekninga i alle typar media jorda rundt, og opp til 7000 frammøtte til båtdragarstemne og sjøsetting, syner interessa for desse hendingane. Boka fortel om forhistoria til skipa, bygging, båtdraging, sjøsetting og bruk, og gir eksempel på medieomtale frå både lokal, regional, nasjonal og internasjonal presse. Undervegs får lesaren også den spanande forteljinga om det dramatiske forliset i Middelhavet i 1992, der knarren Saga Siglar og Osbergskips-kopien Oseberg gjekk ned. Boka presenterer vikingskipa i kronologisk rekkefølgje, frå 1973 til 2019, og er rikt illustrert med bilde. Boka gir ramsalte forteljingar og foto frå desse ekspedisjonane, og mot slutten får ein presentert eit fortruleg intervju med Ragnar Thorseth, der ein vert nærare kjent med denne oppdagaren og dei eventyrlege ekspedisjonane hans.